Reduksjonen av klimagassutsleppa vil venteleg ikkje vere rask nok til å møte klimamålet frå Parisavtalen, som krev at det må vere netto null utslepp av karbondioksid globalt frå omkring år 2050. I tillegg vil verda trenge negative utslepp (‘Carbon Dioxide Removal – CDR’), der karbondioksid blir fjerna frå atmosfæren ved hjelp av teknologiar som:
- bioenergi kombinert med karbonfangst og -lagring
- direkte fangst av karbondioksid frå atmosfæren
- lagring av trekol i jorda
- binding av karbondioksid til mineral som er knust til fine partiklar
- skogplanting
Det viser seg at utviklinga av politikk for å stimulere negative utslepp berre er i startfasen. I denne artikkelen undersøkjer vi politikk relatert til negative utslepp i EU og åtte OECD land: EU-landa Irland, Tyskland, og Sverige, og Norge, Storbritannia, Australia, New Zealand, og USA.
Ved å undersøkje og samanlikne utviklinga av politikk som er relatert til negative utslepp i desse landa håpar vi å stimulere meir detaljerte studiar og samanlikning mellom grupper av land, som vil vere nyttig for andre land og for å auke kunnskapen om korleis politikken på området kan bli meir effektiv.
Rammeverket for analysen er basert på metoden ‘multi-level perspective method of socio-technical transitions’, som skildrar dynamiske mønster. EU og OECD landa blir vurdert og samanlikna med omsyn på institusjonar, aktørar, og koalisjonar; metodar for bokføring av negative utslepp; politikk-instrument; ekspertorgan og vitskap; og utviklinga på ulike teknologiområda for negative utslepp. EU og dei åtte land-eksempla er delt inn i tre typar med omsyn på politikkutviklinga for negative utslepp: stegvis modifikasjon av eksisterande nasjonal politikk, tidleg integrering av politikk for negative utslepp, og aktiv politikkutvikling for negative utslepp.
Policy Brief 3 2021 Carbone Dioxide Removal
Referanse:
Felix Schenuit, Rebecca Colvin, Mathias Fridahl, Barry McMullin, Andy Reisinger, Daniel Sanchez, Stephen M. Smith, Asbjørn Torvanger, Anita Wreford and Oliver Geden (2021), Carbon Dioxide Removal Policy in the Making: Assessing Developments in 9 OECD Cases, Frontiers in Climate (online 4th March 2021)